Hjem Ideologi Antikommunisme Kan Resett fylle Oslo Spektrum?

Kan Resett fylle Oslo Spektrum?

920
Foto: illustrasjonsbilde

Endå meir no, etter at Norge har fått sin ‘Folk må lære seg’, Orwellske “Big Sister” Sannheits (propaganda) -minister, bør alle som støttar Resett OG andre politisk U-korrekte stemmer “kjenne sin besøkelsestid” og satse det dei kan.

Ministerier – også Sannheitsministerier – brukar litt tid, men det er ei kvern som maler og maler og no skal den bestyrast av ei av Norgeshistorias mest verkelegheitsfjerne, utopiske ultra-revolusjonære.

Ja, rett nok bedreiv dei ein del indre masseforflytningar ved tvang (som var meir enn gale), men ikkje eingong Mao eller Stalin fant på å skifte ut folka heimehøyrande i eige rikje, med folk frå mest mulig Långtvekkistan!

Ergo: Ultra.

 

Stor og mektig er denne kverna også, kva kan ein ikkje konstruere av 5-6 milliardar i året? Og det er berre NRK – biten.
Og kor stor blir eigentlig den, når lisensordninga som varsla blir fjerna og NRK sin andel i staden blir bestemt per Sannheitsministerens dekret?

Ja, jo.. Sannheitsministeriets totalpott blir rett nok påverka av Stasministeren og dei andre på taburettar – deriblant nokon frå FrP(!) – men likevel..

Det er forresten HEILT utruleg, at FrP har late sine verste mobbarar – og ultra-revolusjonære kameratar av Sannheitsministeren (altså MSMediene) – få halde på med like mykje av andre folk sine tvangsinnkrevde pengar (skattar og avgifter) som før, gjennom meir enn 4 år i regjeringsposisjon. Og no har dei attpåtil akseptert nokre av dei nest-verste (partiet Venstre), ved same regjeringsbord!

Vår tids Høgre (Erna inkludert) har godt og grundig vorte avhengige av dyd- og moralistisk overlegenheit-rusen som Sannheitsministeren og flokken ho kjem frå (og omlandet rundt) i lang tid har “pusha”. Og den avhengigheita har i dei seinare år overmanna stadig fleire også i FrP (ja og så følgjer det jo så mykje fiiint med å endeleg få være med på Regjering, må vite).

 

Kultur trumfar Politikk

‘Kultur trumfar politikk’ er eit uttrykk. ‘Politikk er nedstraums frå kultur’ er eit anna.

Og over heile “Vesten” har det meste av kulturlivet (frå Hollywood til Norsk Film til teater-, musikk-, komikar-scenene osv. osv.) samt mykje av organisasjonslivet (NGO’ar etc.) lenge vore dominert av dei same ultra-revolusjonære.

Og no skjerpes greiene!
“Big Sister” skviser nok litt hardare.

Skal ultra-revolusjonen stoppast OG reverserast – det nyttar ikkje utan – må den bekjempast også på desse arenaene.

 

Nystarta Resett har allereie kome i gong med WebTV og vekentleg “Talk-show” via Internett. Og lansert planar om eit blogg-fellesskap.

Document og HRS – som fortenestefullt har helde det Norske ytringsfriheit- rasjonalitet- og realiteter- “hovudet over vatnet” i en del år no – har også arrangert ein del møter, utgitt bøker og anna.

Ekte Nyheter har då også bidratt med ein skjerv (sjå bl.a. møter i 2017 på EN’s YouTube kanal og samarbeid med Videoblog/ podcast serien Tankekrim).

Men det trengs meir. MYKKJE meir!
Inkludert NGO’ar, tenkjetankar, kulturarrangement,.. som må resultere i nye politikarar og sannsynlegvis nye politiske parti. Dei eksisterande ser ut til å være hinsides redning.

 

Innta dei store scener

Internasjonalt finst det jo anti-revolusjonære stjerner som bør evne å fylle meir enn nokre bortgøymde møterom. Også her i Norge.

Professor Jordan B. Peterson er ein av dei og han trakk nettopp fulle hus i Storbritannia og Nederland. Milo Yiannopoulos gjorde nyleg det same i Australia.
Og det finst heldigvis fleire: Mark Steyn, Ann Coulter, Bill Whittle, Steven Crowder, Camille Paglia, Ayaan Hirsi Ali, Gavin McInnes, Douglas Murray, Lauren Southern, Stefan Molyneux, Tommy Robinson, Gad Saad, Monica Crowley, Katie Hopkins, Dinesh D’Souza, Anne Marie Waters, Laura Ingraham,..

At ingen (meg bekjent) har evna å få nokon av desse til større scener, i nokon av dei Skandinaviske land  – spesielt når dei først er “i området” som no med Jordan Peterson – seier mykje om kor skeiv og galen situasjonen er.

For det har jo ikkje mangla på arrangement med meir eller mindre ideologisk vinkling, hverken i Spektrum eller på andre større scener, men då så godt som (eller kanskje faktisk) alltid ideologiske kameratar (eller “fettere”) av Sannheitsministeren.

Som blodig-avkappa-presidenthovud Kathy Griffin, #MeToo “versting” Louis CK, og dei kanskje største hyklarane på Norsk jord: Karpe Diem.

 

Resett ser ut til å ha mest ressursar og dei mest uredde “hårete mål” – i alle fall for tida – men utfordringa er open:

Kven kan fylle Oslo Spektrum – eller andre større scener – med nokre av desse politisk U-korrekte verdsstjernene?

***

 

PS. Eit anna skrikande behov er i det minste ein anti-revolusjonær trykksak blant ekkokammeret på landets avis-stativ!
Om ikkje anna, ein gong i veka.

Kanskje kunne i det minste Document, Resett (etter å ha sett til side kjeklinga) og HRS gje ut noko i fellesskap? Kvar si hefta trykksak inne i same plastikk? Kanskje kan Herland Rapporten legge ved ein DVD med opptak av siste intervju?

Og for eit kunstnerisk og humoristisk innlegg eller to er Karine Haaland og Thomas Knarvik namn som renn i hu..

(Dette måtte naturlegvis merkast tydeleg med “Advarsel!”, “farleg”, “illegalt”, “under etterforskning av Sannheitsministeriet”, “skadeleg for Mangfald Über Alles –kosen”,
..eller liknande.)

ektenyheter