– Det er dyrt å kjøpe desse preparata og dei er vanskeleg å få tak i. Me ønsker å gjere dei kvalitetskontrollert og lett tilgjengeleg. Fordi me får donasjonar så meiner me at det blir riktig å gje det ut gratis. Preparata skal produserast hos eit medisinfirma i Norge, fortel Pål-Ørjan Johansen.

Johansen er forskar, utdanna psykolog og har jobba som behandlande psykolog i over ti år. Teri Krebs er forskar og stipendiat ved institutt for nevromedisin ved NTNU. Dei to er gift og har starta innsamling gjennom Indiegogo, ei såkalla «crowd funding»-nettside, der alle som vil kan donere pengar til saker, prosjekt eller business-idear. Hege Grostad er invitert til å bidra under planlegging og med administrasjon, opplyser Johansen.

Innsamlinga blei lansert 11. mars og så langt har dei fått inn over 90.000 kroner frå over 300 personar som har gitt pengar til kampanjen. Målet er å samle inn ein million dollar.

New York Times er i gang med å lage ein reportasje om dei og frå før har dei blitt omtalt av BBC, og forskingstidsskriftet Nature i to artiklar. Fredag blei dei to intervjua av lesarane av sosiale nettverk-sida Reddit som har over 174 millionar lesarar og brukarar. Saka om forskarparet var den mest leste og kommenterte saka fredag ettermiddag.

Medisinsk ecstacy heiter MDMA og psilocybin er verkestoffet i psykedelika soppar som fleinsopp. Det er desse substansane dei no vil produsere for medisinsk bruk:

– Ifølge Nature Review of Neurosciense så er MDMA interessant for behandling av post-traumatisk stress, andre angstlidingar og parterapi. Psykedelika er spesielt interessant i behandling av folk for alkoholavhengnad eller røyking, seier Johansen og fortset:

– Me gjorde ei studie der me fann at ei dose LSD i kombinasjon med behandling hadde ei positiv effekt som varte i minst seks månader. Me fant at LSD er like effektivt eller betre enn den daglege medisineringa ein brukar no, seier Johansen som er utdanna blant anna ved Harvard University.

Les hele artikkelen på NRK.no.

ektenyheter